page view image

JORDDØGN: Hausttakkefest

Informasjon
event image

Hausten på Jæren, slik han er skildra mellom anna av Garborg, er ein kald, mørk, skræmande tilstand. Samtidig er hausten inngangen til den delen av året då ting går litt saktare og kanskje vert litt djupare. Då er det godt å samlast over maten og orda.

Jorddøgn inviterer til ein haustfest med jærsk kveldsmat, for å feire årets arbeid, og takke bonden for maten.

OPPLESINGAR

Inger Bråtveit har gitt ut romanar og essaysamlingar, og er i haust aktuell med romanen Vassarv. Ho er oppvaksen på ein sauegard i Suldal, og skal halde kveldens "Takk for maten"-tale.

Peter Strassegger er forfattar og Jorddøgnar. Han skriv for tida ein roman om den jærske matjorda og jordvern, og vil lese eit utdrag frå manuset.

Torvald Hadland er bonde på Hadland i Time, og Jorddøgnar. Han kjem med ein nyskriven tekst.

TAKK TIL BONDEN

Ved Bjørn Lende og Gudmund Edland.

MUSIKK

Torstein Obrestad og Gunnar Tønnessen speler låter frå Jærrock, Lappeteppe og Vind i gardhol.

PRAKTISK

Me sel mat og drikke - suppe, brød og pålegg, og melk, brus, øl og vin.

Til Hå gamle prestegard kan ein kome seg med eigen bil, eller med tog og taxi. Ta toget til Nærbø, og ring til dømes JærTaxi på 51403300.

Biletet er henta frå digitalarkivet.no. Det er frå rundt 1955, frå ein reportasje om vrakauksjon på Nord-Varhaug.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte