page view image

SAMTALE: Flokken. Med Kristin Armstrong Oma

Informasjon
event image

Korleis har liva til dyra og menneska vore vevd saman frå istid, via vikingtid til lausdriftsfjøs og dagens kjæledyr? Arkeolog og forfattar Kristin Armstrong-Oma reflekterer saman med sauebonde, gjetarhundførar og sosiolog Eirik Magnus Fuglestad over forholdet me har til husdyra gjennom både arbeid og fritid. 

I boka Flokken refererer Armstrong-Oma til husdyra som produsentar og medlemmer av hushaldet. Kva er i så fall skilnaden på eit produksjonsdyr og eit kjæledyr? Jæren er truleg det området i landet med flest husdyr. Mange av desse dyra, som sauen og kua, blir nok for dei fleste menneske ei slags landsskapspryd som berre vert sett på avstand. Neste møte med desse dyra er som vakuumpakka kjøtstykke i butikken. Grisen og kyllingen, som det finst svært mange av på Jæren, er nesten heilt usynlege for folk flest, før dei også dukkar opp som plastpakka kjøt i butikkhylla.

Kan ei ku vera både kjæledyr og produksjonsdyr? Eller er ho noko heilt anna? Nokre dyr vert rekna som arbeidsdyr, slik som bordercollien som jagar sau. Samstundes er også hundane venene våre, både i by og bygd.


Samtalen vert leia av jorddøgnar Eirik Magnus Fuglestad.