page view image

SAMTALE: Natur og kultur med Marit Eikemo og Inger Bråtveit

Informasjon
event image

Inger Bråtveit er oppvaksen på garden Bråtveit i Suldal. Marit Eikemo vaks opp i industribygda Odda.

I Suldal har vasskraftutbygginga i Ulla/Førre-vassdraget prega bygdene, folka og fortellingane. I Odda møtest storindustri og nasjonalromantisk epledyrking. Korleis merker dei to forfattarane spenninga mellom utbygging og historie, jordbruk og industri, natur og kultur? Korleis har dette vist seg i bøkene deira? Og kva kan me lære av dei to bygdene, i møte med utbygging og naturtap i dag?

Som vanleg opnar Jorddøgn med ein samtale leia av UiS-førstelektor Brita Strand Rangnes. Me gler oss.

Marit Eikemo er forfattar av romanar, noveller og essays. Hausten 2026 er ho aktuell med boka Husdraumar. Forlatne heimar på Vestlandet.

Inger Bråtveit er forfattar, og har skrive romanar, ei barnebok og ei diktsamling. Romanen Vassarv vart nyleg gjeven ut på tysk og svensk. Ho underviser òg på skrivelinja på Danvik folkehøgskule.