page view image

JORDDØGN BOKPRAT: Odel av Dordi Strøm

Information
event image

Handlinga i Odel går føre seg i eit mytisk, mystisk landskap som samstundes er heilt konkret. Menneska i Odel lever på ein gard, tett på naturen, tett på dyra. Her er gardshunden Bowie, her er jakt og slakting, kjøt og blod, og her er menneske som tek val om liv og død.

Menneska er òg tett på kvarandre. Dei sit på kjøkenet, går mellom husa på tunet. Men kan dei òg finne ein stad der dei kan vere seg sjølv? 

Går det an å leve i ein tidvis brutal jordbrukspragmatikk utan at det smittar over på forholda mellom menneska?

Korleis skrive om naturen, mennesket sin bruk av jorda - og om dei ikkje alltid klare grensene mellom det handfaste, jordnære, og det mystiske?

Og "Odel" - boktittelen og namnet på odelsjenta -  kva betyr eigentleg det?

--

Dordi Strøm er scenograf, kostymedesignar og forfattar. Ho debuterte i 2021 med romanen Flog. Ho fekk Lyttaranes romanpris for romanen Odel i 2023.

Samtalen blir leia av forfattar Kristin Auestad Danielsen.

--

Vil du lese boka saman med andre? Odel er årets bok i Jorddøgns lesesirkel. Kom og diskuter den med andre lesesirkelmedlemmer 30. okt kl. 1900. 


Waiver

Ubrukte billettar vert ikkje refunderte.