JORDDØGNFØREDRAGET: Trygve Riiser Gundersen

page view image
Evenemangsdatum

söndag 17 nov 2024 15:00

avslutas söndag 17 nov 2024 16:00
Kalenderposten anpassas till din lokala tidszon
Beställ

Tillgängliga artiklar

Jorddøgnføredraget
event image

Evenemangsinformation

Dumme bønder og analfabet allmuge? Langt ifrå. 

Med utgangspunkt i Hans Nielsen Hauge si skildring av eiga lesing i barndommen, viser forfattaren av «Haugianerne», Trygve Riiser Gundersen, korleis lesing var både eit middel til undertrykking og ei kjelde til fridom i einevaldssamfunnet på 16- og 1700-talet. 

Lenge tenkte ein at dei fleste i norske bønder og småkårsfolk var analfabetar til langt inn på 1800-talet. Dei siste tiåra har forskinga derimot vist at eit fleirtal sannsynlegvis kunne lese allereie ved inngangen til 1700-tallet.

Skrifta og bokstavane har altså vore ein styrande del av den norske folkekulturen mykje lengre enn me trur. Ja, truleg var det knapt noko anna europeisk land kor så mange kunne lesa, som i Noreg før 1800!

Så kva las folk? Kva rolle spelte lesing og skriving i den einskilde sitt liv – og for korleis fellesskapen organiserte seg? 

Trygve Riiser Gundersen fortel frå eit felt som har fått overraskande lite merksemd: Folkeleg leseevne og litterær kultur i Noreg før 1814.

Arrangör
Jorddøgn