JORDDØGN: Heilaften på Lyngen gard

page view image
Evenemangsdatum

torsdag 14 nov 2024 19:00

avslutas torsdag 14 nov 2024 22:00
Kalenderposten anpassas till din lokala tidszon
Beställ

Tillgängliga artiklar

JORDDØGN: Heilaften på Lyngen gard
event image

Evenemangsinformation

Møt opp med ope sinn, varmt hjarte og tom mage! Denne kvelden møter du alt frå ville historier frå gardane omkring, til oppriktig meiningsutveksling om kulturen på Jæren. 

Me får live-versjonen av Gudmund Edland si Bondevennen-spalte «Ville sørvesten», med lokale bønder som fortel om dei dagane som vart litt utanom det vanlege.

Det vert sofaprat om kultur på Jæren og den jærske kulturen - er det eitt og det same, eller trugar dei kvarandre? 

Helene Torvund les eigen poesi og Torvald Hadland spelar eigenkomponert melodi på trekkspel.

Bokkiosken er open - kan hende blir det fyrste sjanse til å skaffe seg boka «101 historier frå det ville sørvesten»? 

Det blir sal av gardens eigen surdeigsbakst med godt tilbehøyr og årets plommesaft. Velkomen – og vel bekome!

Med: Ingrid Fiskaa, Cecilie Berntsen Jåsund, Sissel Haugstad og Torkjel Ødegård. 


Ansvarsfriskrivning

Ubrukte billettar vert ikkje refunderte.

Arrangör
Jorddøgn