Heim, sau, odel

Jorddøgn kjem til Bjerkreim like før NM i saueklypping og arrangerer samtale om odel, plikt, glede, sau og litteratur på Laksebørsen pøbb.

page view image
Dátum podujatia

Streda 23 Sep 2026 19:00

Končí Streda 23 Sep 2026 20:30
objednať

Dostupné položky

Heim, sau, odel
event image

Informácie o podujatí

Det å koma frå gard kan vera både eit privilegium og ein byrde. Det kan opplevast som ei plikt eller som ei glede – ja kanskje som plikt og glede samstundes? Kva skal så den som kjem frå gard velja når ho eller han har flytta til byen der kafeane, pøbbane og kulturmenneska står tettare enn høymole på vanskjøtta jorde? Skal ein flytte heim att til gards eller bli verande i byen?

Desse spørsmåla har forfattar, fotograf og odelsjente Johanne Nyborg frå bygda Berle i Bremanger kommune fundert over i sakprosaboka 12 Dagar i April. Kanskje kan ho finne svaret på nokon av spørsmåla under lamminga heime på garden? Denne kvelden les Nyborg høgt frå boka og du møter henne i samtale med lærar og sauebonde Bjørn Tore Birkeland frå Bjerkreim om desse og fleire spørsmål. Me må også snakka om sauen, kva er det med desse dyra som bind oss til både dei og til bygda?

Samtalen vert leia av Eirik Magnus Fuglestad som er forskar i Ruralis.

Organizátor
Jorddøgn