OPPLESING: Peter F. Strassegger les heile romanen “Gris”

page view image
Arrangementsdato

lørdag 17 okt 2026 16:30

Slutter lørdag 17 okt 2026 18:30
BESTILL

Tilgjengelige varer

Fullpris. Velg sjølv mellom fullpris eller redusert pris.
Redusert pris. Velg sjølv mellom fullpris eller redusert pris.
event image

Arrangementsinformasjon

Forfattar og jorddøgnar Peter F. Strassegger les heile sin nye roman, Gris.

Gris er ei korthogga og vill forteljing om konflikten mellom ein grisebonde og ein grønsaksbonde på kvar si side av ei elv. Det er ei lita forteljing, men eit stort menneskeleg drama på jærsk jord, om fornedring, svik, oppreising og kampen mellom det vonde og det gode. 

Romanen har hausta strålande kritikkar, og er ei forlenging av Strassegger sitt engasjement for landbruk og litteratur,  som førte til at han var med på å grunnleggje Jorddøgn i 2021.

Det blir servert mat som passar til konflikten i boka mellom grisebonden og belgfruktbonden, altså flesk og bønner. 

Opplesinga tek om lag to timar.

Organizer
Jorddøgn