Samtale: Jord & Jern

Arrangementsinformasjon

Tekstallianse presenterer:

Ein samtale mellom Lars Ove Seljestad og Peter Strassegger om korleis industriarbeidaren og jordbrukaren blir representert i norsk litteratur. Ligg det ein konflikt, eller motstand, mellom industriarbeidaren og bonden? Og kven av dei har fått lov til å representera den vestlandske litteraturen?

Lars Ove Seljestad er leiar av arbeidarlitteraturfestivalen Jernrosa i Odda, og Peter Strassegger er eldsjela bak Jorddøgn-festivalen på Bryne.

Samtalen blir leia av forfattar Siri Kvamme.

Lars Ove Seljestad, Peter Strassegger og Siri Kvamme (ordstyrar)

Tid: 12-12:45
Kor: Mellombels
Billettpris: 100

jorddogn