page view image

Samtale: I nordisk jord

Informasjon
event image

I det verda blir stadig skumlare, dukkar det opp stemmer som hevdar at me her nord må finna meir saman, på tvers av landegrensene. Det gjeld innan politikk, forsvar, beredskap og matforsyning. Bonden er eit gjennomgangstema i litteraturen i alle dei nordiske landa, men nå, etter at folk flest har busett seg i byar… ser me ei landbruksbølge i nordisk litteratur? Ein del nyare bøker rundt tema tyder på det. 

Kva straumar i samtida speglar isåfall det? Er alle bøkene med utgangspunkt i livet i utkantane eit teikn på at bygda døyr? Eller tvert om, gir dei språk til håpet om ei anna og betre framtid – på landet?

Samtale om skandinavisk landbrukslitteratur med svensken Sanna Samuelsson, islendingen Bergsveinn Birgisson og norsken Bjørn Ivar Fyksen.  

Samtalen vert leia av Eirik Bø, forleggjar i Pelikanen forlag. 


 

Om deltakarane:  

Sanna Samuelsson (1987) er svensk forfattar, journalist og redaktør. Ho debuterte med Mjölkat i 2023, ein roman om garden ho freista å forlata. Nyleg var ho redaktør for ei utgåve av tidsskriftet Kritiker der tema var landbruk og litteratur.  

 

Bergsveinn Birgisson (1971) er verdskjend islandsk forfattar og filolog. Han blei nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012 for romanen Svar på brev frå Helga. I 2013 vann han Brageprisen for Den svarte viking. 

 

Bjørn Ivar Fyksen (1978) er litteraturkritikar i Klassekampen og forfattar. Han har gitt ut bøkene Almuens opera. Om Trost i taklampa og litterære klasseskiller i Alf Prøysens forfatterskap (2020) samt Gard og grunn (2024).

 



Ansvarsfraskrivelse

Ubrukte billettar vert ikkje refunderte.