Samtale: Draumen om ein gard

Arrangementsinformasjon

Kva inneber det å overta ein gard og vera småbruksforfattar? Korleis påverkar gardsdrifta skrivinga, og visa versa? Kven har lågast timeløn av ein forfattar og ein bonde? Og endrar draumen om ein gard seg etter at realitetane har slått inn? Velkomen til ein open, ærleg og humoristisk samtale om kva det vil seia å vera småbrukar og forfattar i 2021. 

Agnes Ravatn er ein av Noregs mest kjente, kritikarroste og prisløna forfattar. Ho og familien forlét Oslo for å ta over  småbruket i Valevåg i Sveio kommune. Der driv ho med sau og skriv bøker.

Lars Svisdal er forfattar frå Nordmøre, men held på å etablera seg som småbrukar på Nestun utanfor Bergen. Han er også lærar og forfattar, og debuterte i 2018 med romanen Seg til inkjes, som han blei tildelt Tarjei Vesaas debutantpris for. 

Gudmund Edland er mjølkebonde frå Gjesdal og kulturformidlar, mellom anna gjennom sin “Silokunst på Ålgård” og sitt engasjement hjå oss i Jorddøgn. 

Ørjan Zazzera Johansen er forfattar og formidlar på Garborgsenteret.


Tid: 19:00 - 19:45
Kor: Mellombels ølstove
Billettpris: 150

jorddogn