page view image

JORDDØGN FØREDRAG: Naturelskar eller naturkonsument?

Arrangementsinformasjon
event image

Jorddøgn - føredrag på Obrestad fyr med filosof Sigurd Hverven


Føredraget handlar om korvidt naturen har eigenverdi, om naturturisme og om korleis ulike natursyn er styrande for menneska si interaksjon med natur.


Sigurd Hverven er filosof og jobbar som formidlar og forskar i filosofi ved NTNU. Han er ein Arne Næss-inspirert filosof som tar til orde for at naturen sine eigne livsprosjekt bør anerkjennast og verdsetjast. Hverven ga i 2018 ut boka Naturfilosofi kor han gir innblikk i fleire kjente filosofar sine bidrag til naturfilosofien, samstundes som han deler rikt av eigne tankar og betraktningar. Hverven er oppteken av kva natursyn som er styrande for vår tid og korleis me menneske førehaldar oss til og interagerer med natur.   

Arrangementet er eit samarbeid mellom Jorddøgn-festivalen på Bryne og Hå gamle prestegard.
Kr 150 inkl. kaffe/te.


Om Jorddøgn:
Jorddøgn er ein jordbrukslitteraturfestival driven av stiftinga Litteraturhuset på Jæren. Bak konseptet står Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, Bjørn Hagerup Røken, Lillian Utne, Gudmund Edland, Inger Størseth Hårr (nestleiar) og Peter Strassegger (festivalleiar).

Festivalen JORDDØGN er meint å ta opp aktuelle problemstillingar knytt til jord, jordbruk og natur og til å undersøkja språket menneska brukar om desse tema, både det litterære, kvardagslege og fagleg/politiske. Eit overordna mål med festivalen er å skapa rom og gje ei scene til nye måtar å tenka og snakka om jord, jordbruk og natur.

JORDDØGN ønskjer å nå byfolk og bønder både på Jæren og elles i landet. Då festivalen gjekk av stabelen i fjor fekk den lokal og nasjonal mediemerksemd.

Festivalen har fått støtte frå Kulturrådet, Rogaland Fylkeskommune, Jæren Sparebank, Fritt Ord, Bondekompaniet, Garborgsenteret/Time bibliotek og Rogaland forfattarlag. Me har mange samarbeidspartnarar. Desse er: Tekstallianse, Bokhuset i Stavanger, Forfatternes klimaaksjon, Foreningen Snakk, Time historielag, Hå gamle prestegard, Line Gard og Stavanger kunstmuseum.

Foto: Bjørnar Evenshaug