Føredrag: Jord - kva står på spel?

Arrangementsinformasjon

Føredrag av spesialrådgjevar i NIBIO (Norsk Institutt for Bioøkonomi), Arne Bardalen. Bardalen har bidratt til ei rekke sentrale fagrapportar om jord, jordbruk og klima. I dette føredraget forklarar han kva jord er, og viser korleis klimakrise, folketalsauke og politikk påverkar jordbruk, matproduksjon naturens tåleevne og samfunnets beredskapsevne.

Tid: laurdag 4. september klokka 12:00 - 12:45
Kor: Time bibliotek
Billettpris: 100

jorddogn
litteratur
foredrag