Jorddøgn-føredraget med Bergsveinn Birgisson

Bergsveinn Birgisson er ein av dei mest kjende forfattarane på Island.
No er han i ferd med å gjenreisa garden til besteforeldra sine.
Men korleis går det når ein doktor i norrøn filologi skal prøva å overlevera garden i betre stand til neste generasjon?
Er det mogleg?
I årets Jorddøgn-føredrag fortel Bergsveinn Birgisson om livet på bygda, om folk som hjelper kvarandre og om islandsk forteljarkunst.
--
Bergsveinn Birgisson er islandsk forfattar og filolog, med doktorgrad i norrøn filologi frå Universitetet i Bergen. Birgisson er aktuell med den norske omsetting av boka «Om mentaliteten til kyr». Boka handlar om ein islandsk kulturvitar som skal skrive ein rapport for det islandske bondelaget om den framifrå islandske ur-kua, og om trugselen frå import av Norsk raudt fe.
Birgisson vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012 for boka “Svar på brev frå Helga”, og igjen i 2020 for "Reisen til livsvannet".
Ansvarsfraskrivelse
Ubrukte billettar vert ikkje refunderte.