JORDDØGN SAMTALE: Sau og sjel
Arrangementsinformasjon

Den Bragepris-vinnande forfattaren og sauebonden Tore Kvæven kjem til Jorddøgn! I lag med lærar og formidlar Stian Ravndal på Garborgsenteret skal Kvæven snakka om sau. Kvæven, som kjem frå Sirdalen og har drive med sauehald i fleire år, skal snakka om sauen sine kår både i og utanfor litteraturen. Ravndal på sin kant har støvsuga bokhyller for sauelitteratur og halde fleire føredrag om temaet.
Korleis ser dei på sauen og sauebonden si rolle, frå kvar sin kant? Kva har Ravndal funne i litteraturen? Kvæven har erfart at sauebønder driv svært ulikt. Kva er det eigentleg med sauebønder, og kvifor er dei så glade i sauene sine?
Samtaleleiar er sauebonden og jorddøgnar Torvald Hadland.
Ansvarsfraskrivelse
Ubrukte billettar blir ikkje refundert