page view image

JORDDØGN SAMTALE: Jordnært arbeid

Informasjon
event image

Me kan kjøpe alt me vil ha i butikken, eller betale for at nokon lagar det til oss.

Kvifor skal me då lage noko sjølv? Kva vinn me på å bruke eigne hender og eigen kropp til å snekre, smi, sanke, slakte eller strikke sjølv?

Jordnært arbeid handlar om å bruka det som kjem frå jorda, og å ta utgangspunkt i - og vare på det ein har rundt seg. Det handlar om lysten og evna til å bygge seg eit liv på ein praktisk, fysisk og kreativ måte. 

Kanskje kan det òg vera ein måte å leva seg inn i, og med, naturen rundt oss?  

Siri Helle er agronom, forfattar og journalist. Ho skriv om mat i Dag og Tid, og ho har skrive om då ho bygde sin eigen utedo i boka ‘Med berre nevane’ (eller ‘Handmade. Learning the art of Chainsaw Mindfulness in a Norwegian Wood’, som boka heiter i engelsk utgåve). Ho har også skrive boka ‘Trollefossvegen 23, tilbake til heimbygda’ om eit år med husbygging, kjærleik, jakt og hardt arbeid. 

Solveig Aareskjold har skrive romanar og sakprosabøker og er fast spaltist i Klassekampen. Nå skriv ho ei bok om Homer, der handverket både blir høgt verdsett og eit middel til å minska avstanden mellom herre og trell. Aareskjold er sjølv ein entusiastisk amatørhandverkar. Ho sydde si første kåpe då ho var nitten år.

Ansvarsfraskrivelse

Ubrukte billettar vert ikkje refunderte