page view image

JORDDØGN BOKPRAT: Frå woke-by til ulvebygd

Informasjon
event image

Kva er lov å seia og mene på bygda kontra i byen?

I boka "Tute med de ulver som er ute" skriv Ida Gilbert om Aslaug, som jobbar som kommunikasjonsansvarleg i den ideelle organisasjonen “Fremtid med visjon”. Aslaug er del av eit politisk korrekt arbeidsmiljø kor ekte engasjement og iver er i ferd med å ebba ut. Aslaugs frustrasjon toppar seg når kakeonsdagen vert byta ut med avokado og nøtter. Ho gjer opprør mot woke-kollegaene i byen og bryt opp. Flyttar til ei bygd på Austlandet. Som ny journalist i lokalavisa prøver Aslaug å manøvrere seg inn blant sinte sauebønder, miljøaktivistar, og hagebloggarar. Her ute er reglane heilt annleis. 

Gilbert harselerer med by og bygd, med ulvehat og sjølvrettferdige byfolk.  Kva er det eigentleg Aslaug rømmer frå, og kor er det ho landar? Og kvifor skyt ho ein ulv?

Ida Gilbert er filosof og forfattar og debuterte i 2023 med boka ‘Tute med de ulver som er ute’. For den fekk Gilbert Sørlandets litteraturpris. Boka var også ei av bøkene som vart mest utlånt hjå Deichman i 2023.