JORDDØGN SAMTALE: Opprør! Endring! - Men kven, og korleis, startar det?
Haugianar-rørsla som gav kraft til djupe endringar i det norske samfunnet, har blitt kalla eit bondeopprør. Men var det eigentleg det? I boka «Haugianarane» hevdar forfattar Trygve Riiser Gundersen at eventuelle assosiasjonar til heva høygaflar krev nyansering.
Er biletet vårt av den norske bonden - både den historiske og samtidige – for stereotypt?
I dag, dryge 200 år etter Haugianarane, trekk designaren og nytenkaren Edel Urstad i lag med lokale bønder fulle hus landet over med sine «Mening, mat og mot»-møte. Urstad ønskjer å vekke ei nasjonal folkerørsle for norsk landbruk-, mat, og levande bygder.
Men kvifor ho og kvifor no?
Velkomen til samtale om grasrot-rørsler som flyttar fjell, og om kva politisk og kulturelt jordsmonn som må til for å næra dei.
Stad: Kulturbanken, Bryne
Med Trygve Riiser Gundersen og Edel Urstad. Ordstyrar Tom Hetland, tidlegare redaktør i Stavanger Aftenblad
Ansvarsfraskrivelse
Ubrukte billettar vert ikkje refunderte.