page view image

JORDDØGN SAMTALE: Bonde eller forfattar?

Informasjon
event image

Som jordbrukslitteraturfestival er me like opptatt av jordbruk som av litteraturen. Denne kvelden spør me om samanhangen mellom orda og jorda, om korleis det er å drive med begge deler. 

Jorda gir oss mat. Orda gir oss andeleg føde. Og både norsk matproduksjon og norsk samtidslitteratur er avhengig av tilskot frå det offentlege. Derfor må både forfattarar og bønder stadig forsvare eksistensgrunnlaget sitt, forklara korleis det dei driv med er viktig for fellesskapet. Er den eine av dei viktigare enn den andre? Og kva seier slike spørsmål om kva samfunnet verdset mest?

Velkomen til ein samtale om det å vera eit dyrkande og skrivande menneske.

Ellen Fjestad brakdebuterte i 2012 med ungdomsromanen ‘Sammen skal vi holde himmelen’, ei bok ho fekk Uprisen for same år. Seinare har ho følgd opp med ‘Døgnfluedans’ (2015) og ‘Den som vokter lyset (2019). Parallelt er Fjestad også bonde på garden Arstad nordre på Hedmarken, der ho produserer lauk. 

Kjell Ola Dahl er ein av Noregs mest folkekjære forfattar med eit langt forfattarskap bak seg, både skjønnlitterært og sakprosa. I 2023 gav han ut boka Mitt liv som sauebonde - en familiegård i tre generasjoner, om sin eigen familiegard og livet som villsaubonde.

Møt Fjestad og Dahl i samtale med forleggar Eirik Bø frå Pelikanen forlag.

Ansvarsfraskrivelse

Ubrukte billettar vert ikkje refunderte.