JORDDØGN SAMTALE: Blod og jord

Korleis les me Markens grøde, når me veit at Hamsun støtta nazistane? Hjelp det å lesa «Sin egen herre» av Laxness som motvekt? Og korleis skal me forhalda oss til dei framandfiendtlege sidene i historia til den norske bonderørsla? Kan hevd til lokalt landskap og stadbinding like godt vera utgangspunkt for ei konstruktiv og inkluderande nasjonalkjensle? Treng me i det heile nasjonalkjensla? Me i Jorddøgn prøver å stikka fingeren i jorda og spør oss sjølv om me har litt for mykje svermerier i festivalen vår, eller om det i Noreg i dag er plass til ein litteraturfestival om jorda?
Tore Rem er forfattar, litteraturvitar og professor i engelsk litteratur ved UiO, og gav i 2014 ut “Hamsun. Reisen til Hitler”, der han mellom anna skildrar Hamsun sitt forhold til fascismen og okkupasjonsmakta i Noreg under krigen.
Mimir Kristjansson er politikar og forfattar, og har inngåande kjennskap til Halldór Kiljan Laxness roman «Sin egen herre». Laxness likte ikkje Hamsun sitt svermeri for bonden, og «Sin egen herre» vart skriven som mot-roman til Markens grøde.
Peter Strassegger er forfattar og tidlegare leiar av Jorddøgn litteraturfestival. Han ga i 2022 ut romanen “Om stein og jord”, der han undersøkjer historia til sin jærske bestefar som var NS-medlem, og verva seg som frivillig frontkjempar for nazismen under krigen.
Marte Michelet, journalist og kommentator, har skrive fleire bøker om krigen, mellom anna “Den største forbrytelsen” (2014) og “Hva visste hjemmefronten” (2018). Begge har vekt stor interesse og debatt.
Ansvarsfraskrivelse
Ubrukte billettar vert ikkje refundert