page view image

JORDDØGN: Heilaften på Lyngen gard

Arrangementsinformasjon
event image

Jærske skrøner og brutal latinamerikansk verkelegheit, litterære perspektiv og musikalsk avrunding – alt servert saman med eit bugnande kakebord. Velkomen til ein ny Heilaften på Lyngen!

- Ville Sør-Vesten LIVE med Bjørn Friestad og Arvid Mæland

Forteljestund med jærbønder på scenen. Bonde Gudmund Edland har spalta «Ville sør-vesten» i Bondevennen, der han fortel om dei litt villare historiane frå gardslivet. Her får me live-versjonen, med lokale bønder som fortel om dei dagane som vart litt utanom det vanlege: Traktorar som køyrer av garde på eiga hand, kviger som tek turen ut i Nordsjøen og andre spektakulære hendingar. 

- Samtale: Landbruk i eit internasjonalt perspektiv 

Mange bønder rundt om i verda står i alvorlige situasjonar og kampar. Julio og Maria frå Venezuela vart nøydde til å flykta til Noreg etter at styresmaktene tok den store garden deira med makt. Me ynskjer å få høyra deira historie. Gudmund er ordstyrar med tolk.

- Opplesing: Om å miste garden

Julio og Maria si historie vert sett i lys av John Steinbecks roman Vredens druer (1939). Romanen tar føre seg korleis ei rekkje bondefamiliar i USA på 1930-talet vart fråtekne garden og livsgrunnlaget sitt av banken og styresmaktene. Korleis kan dette skje, både no og då? Finst det noko fruktbart i vreiden, som kan brukast i eit oppgjer med slike maktovergrep mot arbeidarar og bønder? Guro Næss Ebbesen les nyskriven tekst.

- Minikonsert med John Gravdal

Det vert sal av surdeigsbakst med pålegg, og eit utval drikke frå Smiå. Og kaker til dessert!

Ansvarsfraskrivelse

Ubrukte billettar blir ikkje refundert.