page view image

JORDDØGN FØREDRAG: Som om landskapet tjuknar omkring oss

Informasjon
event image

Jorddøgn - føredrag på Hå gamle prestegard med forfattar og Morgenbladet-kritikar Bernhard Ellefsen.

Kva har ord, fortellingar og kunnskap å seie for kva vi faktisk ser og opplever når vi er ute i naturen eller i kulturlandskapet? Med utgangspunkt i forfattarar som svenske Kerstin Ekman og Elin Wägner, og norske friluftsskribentar som Helge Ingstad og Fridtjof Nansen, diskuterer Bernhard Ellefsen korleis litteraturen kan opne augene våre for omgjevnadane. Kunnskap er verken litteraturens eller naturopplevelsens fiende, forstår vi av desse forfattarane. 


Bernhard Ellefsen er bokansvarleg i Morgenbladet og ein av landets viktigaste litteraturkritikarar. Han er også forfattar og har gjeve ut bøkene Imot døden (2018) og Det som går tapt (2022). Føredraget er skrive spesielt til Jorddøgn litteraturfestival. 

Pris: 160 kr

Arrangør: Jorddøgn i samarbeid med Hå gamle prestegard 

Ansvarsfraskrivelse

Billetter refunderes ikke