page view image

JORDDØGN/TEKSTALLIANSE DEBATT: Skriv meg framtida!

Informasjon
event image

Det var ein gong eit Noreg som levde av det jorda og havet gav. I dag er det eit Noreg som lever av olje, i trua på evig vekst.

Men så snart som i 2050 må Noreg vera eit ganske anna land enn slik me kjenner det. Det er til og med nedfelt i lova: I 2050 skal me ha kutta 95 prosent av klimautsleppa våre.

Korleis skal me leve då, og kva skal vi leve for?

Høyr dei som er nærast jorda og dei som er nærast orda diskutere korleis denne verda kan sjå ut, og korleis me kan skapa språket og forteljingane som tar oss inn i eit nytt og ganske annleis Noreg.

For har litteraturen kraft til å hjelpa oss?

Kan bøker og bønder dyrka eit meir naturnært og berekraftig verdssyn og kultur?

Ja, kva handlar dei eigentleg om, historiene som kan motivera og få oss til å gleda oss til framtida?

Med forfattar Espen Stueland, forfattar av mellom anna 700-årsflommen og Pandemiarkivene.

Edel Urstad, nytenkar, bygdeforkjempar og sivilagronom i internasjonal mattryggleik.

Ståle Hustoft, bonde på Haugalandet og leiar i Rogaland Bondelag.

Ordstyrar: Bothild Å. Nordsletten, redaktør i fagbladet Bondevennen og medarrangør av Jorddøgn.

Ansvarsfraskrivelse

Ubrukte billettar vert ikkje refunderte.