JORDDØGN/TEKSTALLIANSE-DEBATT: Den offentlege bonden

Stolt matprodusent eller dyr sytepave - kven er dagens bonde? Korleis snakkar media om bøndene, og korleis snakkar bøndene om seg sjølve?
Dei siste 50 åra har tre av fire bønder lagt ned drifta. I ei fersk undersøking omtalt i tidsskriftet Bondevennen, seier heile 20 prosent av bøndene i matfylket Rogaland at dei vil leggja ned drifta innan 15 år.
Og er du bonde, må du tola at mange har ei meining om deg: Det raude kjøtet du produserer har blitt fy, soyaen i kraftfôret likeså. Færre drikk mjølk og fleire vil sjekka dyrevelferda i fjøset ditt. Du er klimaversting og iallfall litt skuldig i dei høge matprisane, ikkje sant?
Fleire munnar skal mettast enn nokon gong før, men aldri før har færre hatt kunnskapen om korleis maten skal produserast. Samstundes blir bondelivet romantisert gjennom Farmen-tv, kule Felleskjøpet-caps’ar og ei veldig interesse for småskala matauk og alle ting «grønt».
Men korleis er eigentleg verkelegheita for bøndene? Blømer den rurale romantikken, slik media ofte framstiller det, eller er det hardt arbeid på randen av ruin og nedlegging?
Og kven er morgondagens bonde - kan du, eg og media påverka utviklinga?
I panelet:
Inger Lise Aarrestad Rettedal, bonde på Utstein Gard på Klosterøy, stiller for Stavanger Høyre i haustens lokalval.
Hans Bårdsgård, kommentator i Nationen
Ingve B. Berntsen, bonde på Fjordfegarden, Gausland gard i Hå på Jæren
Ordstyrar: Bothild Å. Nordsletten, redaktør i fagbladet Bondevennen
Debatten er eit samarbeid mellom Jorddøgn Litteraturfestival, Tekstallianse og tidsskriftet Bondevennen. Den blir tatt opp for kringkasting på NRK P2 seinare i vår.
Ansvarsfraskrivelse
Ubrukte billettar vert ikkje refunderte.