page view image

JORDDØGN SAMTALE: Kornsundag med brød og øl

Arrangementsinformasjon
event image

Kornet er dyrking og biologi, historie og kultur. Frå korn får me brød og øl, to næringsmiddel som har vore grunnleggjande byggesteinar i sivilisasjonar og religionar. Kva er eigentleg samanhengen mellom brødet og ordet?

I fjor kom Åsmund Bjørnstad si "Kornboka" i ny utgåve. Bjørnstad er professor i planteforedling ved NMBU, og han har gjendikta Rainer Maria Rilke og skrive eigne diktsamlingar. 

På arrangementet vert det servert surdeigsbrød og smør frå Hemmeleg restaurant. Dei som vil kan kjøpe lokalt øl på lokalt korn frå bryggeriet Rygr.

Med: Åsmund Bjørnstad og Inger Størseth Haarr (ordstyrar) 

Billettpris: 110 (prisen inkluderer brød)

Samarbeid: Norsk Forfattersentrum