page view image

JORDDØGN SAMTALE: Blod og jord

Arrangementsinformasjon
event image


Det blafrar eit brunt band mellom molda og nasjonalismen. 

Nazistane bruker blod og jord for å ekskludera alle dei ein ikkje likar. På ytste fløy av naturvernet er no også økofascismen på frammarsj.

I den grøne bølgja, korleis les me Markens grøde, når me veit at Hamsun støtta nazistane? Og korleis skal me forhalda oss til dei antisemittiske sidene i historia til den norske bonderørsla?

Og, heilt motsett, kan hevd til lokalt landskap og stadbinding like godt vera utgangspunkt for ei konstruktiv og inkluderande nasjonalkjensle? Og, ærleg talt, treng me nasjonalkjensla? Kva kan den vera god for?

Med litt høgare puls vågar Jorddøgn debatten om grensene mellom det brune og grøne.

Om deltakarane:
Marte Michelet er forfattar, journalist og kommentator og har skrevet fleire bøker, mellom anna “Den største forbrytelsen” (2014) og “Hva visste hjemmefronten” (2018) som har vakt stor interesse og debatt i Noreg.

Tore Rem er forfattar, litteraturvitar og professor i engelsk litteratur ved UiO, og gav i 2014 ut “Hamsun. Reisen til Hitler”, der han mellom anna skildrer Hamsun sitt forhold til fascismen og okkupasjonsmakta i Noreg under krigen.

Kjetil Braut Simonsen er historikar og forskar ved Jødisk museum i Oslo, og har forsket på antisemittismen og høgreekstremisme, og gav i 2012 ut boka “Antisemittisme, innvandringsfientlighet og rasetenkning i norsk bondebevegelse”.

Peter Strassegger er forfattar og festivalleiar i Jorddøgn litteraturfestival, og gav i 2022 ut romanen “Om stein og jord”, der han undersøker historien til sin jærske bestefar som var NS-medlem, og verva seg som frivillig frontkjemper for nazismen under krigen.




Billettpris: 150 kr

Samarbeid: Norsk Forfattersentrum, Kulturbanken