page view image

Jorddøgn - heilaften: Ville sørvesten LIVE på Lyngen gard

Arrangementsinformasjon
event image

Lyst å høyra jærske bønder skrøna og fortelja ville historier frå livet rundt tunet? Då er Lyngen gard staden for deg! Gudmund Edland, bonde og Jorddøgn’ar, opner dørene i verkstaden og inviterer til heilaften heime på bruket i Gjesdal kommune. Blant beitande mjølkekyr og under blikket til mosaikken av Arne Garborg på silotårnet får du ein heil kveld med høgbondekultur: Opplesingar ved forfattarane Solveig Aareskjold og Peter Strassegger, samtale mellom bonden og nokre av dei yrkesfellane han slepp til i spalta si «Ville sørvesten» i bladet Bondevennen...og ein eksklusiv, liten konsert med Silje Sandanger! 

For den svoltne er det og mogleg å kjøpa mat laga på råvarer av høg kvalitet.  


Med: Solveig Aareskjold, Peter Strassegger,  Kristian Vinningland, Idunn Dyvik og Gudmund Edland (ordstyrar) og Silje Sandanger (musikk)

Billettpris: 150 kr

Samarbeid: Lyngen gard, Rogaland forfattarlag, Gjesdal kommune