page view image

JORDDØGN DEBATT: Raude bondetal angår alle

Arrangementsinformasjon
event image

Sytepave eller faktisk lønstapar? Jau, då, bønder tener faktisk mindre enn «folk flest». Det siste året har dei til og med gjort opprør for å sikra seg betre inntekt. Men samstundes med at dei i vår landa det som blir kalla eit historisk godt jordbruksoppgjer, stig prisane på alt bøndene treng for å produsera mat: kraftfôr, drivstoff, gjødsel, straum. 

Kva med daglegvaregigantane? Dei blir verande minst like rike som før.

Jorddøgn spør: Kvifor er bondens rekneskap også viktig for deg og meg? Kva står på spel når bonden taper inntektskampen og legg ned garden? Kor mykje bør me vera villige til å betala for maten, for å sikra framleis norsk matproduksjon?

Velkomen til ein opplysningssamtale og debatt! 

Med:  Martin Svebestad (Jæren rekneskapslag), Arnfinn Auestad (leiar Gjesdal bondelag), Kjell Hodne (rågjevar i landbruksavdelinga i Jæren Sparebank) og Gudmund Edland (mjølkebonde og ordstyrar for kvelden).

Billettpris: 110 kr

Samarbeid: Jæren Sparebank, Jæren Rekneskapslag og Snakk!

 Illustrasjonsfoto: Thea Hjertuslot