page view image

JORDDØGN DEBATT: Krigen, maten og naturen

Arrangementsinformasjon
event image

Ein samtale om tryggingspolitikk, matberedskap, naturen og klimaet.

Har me mat nok når det smell? Og må naturen og klimaet ta smellen for korleis me produserer maten? 

Pandemi og krigen i grøderike Ukraina har sett mat og matberedskap på dagsorden. I det prisane stig og Russland blokkerer korneksporten frå Ukraina står millionar av menneske rundt om i verda i fare for å svelta. Samstundes svir avlingane i USA, India og Europa grunna rekordtemperaturar. Medan verdas folketal veks, gjer klimakrisa matproduksjon vanskelegare. Kva er eigentleg status, hausten 2022? 

Måten menneska breier seg - og produserer mat på, gjer at naturen må vika. Kor lenge kan det halda? Kva bør me gjera for å sikra alle menneske føda? Og kva rolle spelar litteraturen og forfattarane i å opna auga våre, og å få oss til å tenkja og handla klokare?

Velkomen til P2-debatten frå Jorddøgn med Robert Mood, generalløytnant, tidlegare forsvarssjef og president i Raude Krossen, Maja Lunde, forfattar og miljøaktivist og Tarald Magne Oma, bonde og leiar i Time Bondelag. Ordstyrar Bothild Nordsletten, redaktør i Bondevennen.

Med: Robert Mood, Maja Lunde, Tarald Magne Oma og Bothild Nordsletten (ordstyrar)

Billettpris: 200

Samarbeid: Tekstallianse, Time bibliotek