Samtale: Framtida uavklart

Arrangementsinformasjon

NB! GRUNNA SJUKDOM VIL KATHLEEN RANI HAGEN BLI ERSTATTA AV FORFATTAR BIRGER EMANUELSEN.

Velkomen til ein litterær samtale om dystopiar, landbruket si framtid, klimaendringar, og dei moralsk-politiske og økologiske konsekvensane av dei store endringane i vår tid. Saman med to samtidsforfattarar snakkar me om kva som ventar oss: teknologiske løysningar eller undergang...eller? 

Cathrine Knudsen har eit av landets mest særskilte forfattarskap og har motteke strålande kritikkar samt Stig Sæterbakkens minnepris for 2017. I fjorårets roman, Kjærlighetsfragment, skildrar ho ei verd i nær framtid kor alle menneskelege samspel er institusjonalisert og overvaka. Men det finst framleis gardsdrift, sjølve om dyra har starta å oppføra seg underleg...

Kathleen Rani Hagen er forfattar og redaktør i Forfatternes klimaaksjon, som har som målsetting å fremje Grunnlovens §112 som seier at «Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonsevne og mangfold bevares. Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten..» Hagen ga i 2018 ut romanen Grunnleggende plantediversitet som har blitt omtalt som ein økoroman som handlar om alt som gror, og om ei altoverskuggande forelsking. 

Møt dei i samtale med forfattar Heidi-Anett Haugen.


Tid: 17:00 - 17:45
Kor: Mellombels ølstove
Billettpris: 100

jorddogn