Samtale: Eit jærsk generasjonsskifte

Arrangementsinformasjon

Kva plass har bonden i det jærske fellesskapet? Korleis er det i dag i forhold til før, og kva held på å skje? Tre generasjonar jærske bønder snakkar saman om kva rolle gardslivet spelar for fellesskapet og identiteten i ein region. Og om korleis det er å vera stadbunden bonde, når verda aksellererar stadig fortare ikring ein. 

Tone Steinsland, Åmund Eikeland, Magnhild Ånestad  ordstyrar Bothild Å. Nordsletten.

Mjølkebonde og «jorddøgnar» Gudmund Edland les sitt spesialskrivne dikt om den jærske mentaliteten i endring. 

Festivalleiar Peter Strassegger vil vera konferansier.

Tid: 21:00 - 22:00
Kor: Mellombels ølstove
Billettpris: 150

jorddogn