page view image

Bokbad: Gård og grunn

Informasjon
event image

Bjørn Ivar Fyksen er bokkritikar i Klassekampen. I 2024 debuterte han med romanen Gård og grunn. Boka er ein bonderoman, ein sjanger som var meir vanleg før i tida, og som me kjenner godt på Jæren gjennom Arne Garborg sitt virke.  

I Gård og grunn møter me gardbrukaren Trond frå Østre Elvdal i Vassbotn. Det er ein stad der storbøndene framleis rår, og der du blir vurdert utifrå namnet på bestefaren din og kor mange mål dyrka mark du har. Ikkje så ulikt Jæren, altså. 

Velkomen til samtale med forfattaren om eit ættesamfunn av i går i utakt med Noreg av i dag.  


Samtalen vert leia av forfattar og jorddøgnar’ Peter Strassegger.  



Ansvarsfraskrivelse

Ubrukte billettar vert ikkje refunderte.