page view image

JORDDØGN FØREDRAG OG PANELSAMTALE: Symposium på Line gard

EVENT INFORMATION
event image



Jorddøgn - føredrag og paneldiskusjon
12:00 - 14:45
Billettpris: 200


Jorddøgn - føredrag: Karl Marx på jordet - om klima, kapital og eit nytt bondeopprør
12:00  
Av Eirik Magnus Fuglestad

Då odelsguten Eirik Magnus Fuglestad var tenåring, kjende han mismot med tanke på gardsdrifta: noko la tunge, usynlege band på alt ein ville og skulle gjera som bonde. I dag meiner den vaksne bygdeforskaren Fuglestad at desse banda var det som Karl Marx kalla for «kapitalen sin stumme tvang». Og ved å forstå korleis kapitalen sin stumme tvang verkar på jordbruket, kan me betre forstå dei store utfordringane landbruket står ovanfor – klimakrisa, ressurstilgangen og den dårlege økonomien. Kanskje kan også Marx inspirera til eit nytt bondeopprør? 

Eirik Magnus Fuglestad er oppvaksen på gard i Bjerkreim. Han har doktorgrad i sosiologi frå Universitetet i Edinburgh i Skottland, og er skribent, forfattar og forskar ved Ruralis – Institutt for rural og regionalforskning.


Jorddøgn - føredrag: Bondefilosofi
13:00
Av Maria Mjaaland Sele

Frå plog til refleksjon - Ein dialog mellom bonden og filosofen

Kva har eigentleg filosofi med bonden å gjera? Er ikkje dette to motpolar, filosofen svevande i idéverda, og bonden med støvlane i det konkrete og praktiske? Kan ein reflektera seg til ein god potetsesong? 

Maria Mjaaland Sele kjem til Jorddøgn for å snakka personleg og fagleg om bondefilosofi. Sele er oppvaksen på ein liten gard på Sele saman med to foreldre, to besteforeldre, tre kattar, to traktorar, fem kyr, ein sau, tre dverghøner og tre søsken. Mot farfaren si vilje drog ho til utlandet for å studera filosofi. Med ei doktorgrad i sekken har ho vendt heim til Jæren. Sele er oppteken av den jærske identiteten og korleis filosofien kjem til praktisk uttrykk. 


Jorddøgn - Paneldiskusjon

I etterkant av føredraga til Eirik Magnus Fuglestad og Maria Mjaaland Sele inviterer me publikum til å delta i ein samtale om føredraga. Lillian Utne er ordstyrar.


Samarbeid: Line Gard