Samtale med Kim Leine

Kim Leine er ein dansk-norsk forfattar som har budd femten år på Grønland. Han debuterte med romanen “Kalak” i 2007. I 2012 kom gjennombrotet “Profetene i Evighetsfjorden”, som han fekk Nordisk råds litteraturpris for i 2013. Det vart starten på ein trilogi om Grønland si kolonihistorie få slutten av 1700 talet til 1953. Kim Leine tar føre seg Grønlands reise mot sjølvstyre gjennom eit breitt persongalleri, basert på verkelege personar og hendingar.
Me møter blant anna presten Morten Falck, som reiser til Grønland for å forkynne det kristne evangeliet. Men møtet med grønlendarane og det barske landskapet byr på utfordringar. Vil han halde fast med å forkynne det kristne bodskapet eller vil han følgje inuittane si eiga søken mot frigjering?
Det er særskilt møtet mellom ulike kulturar som står sentralt hos Leine, mellom dei danske innflyttarane og grønlendarane. Kva forventningar har danskane til landskap og livsvilkår i møte med den grønlandske naturen og livet der? Kva verdi har landskapet og naturen for inuittane som bur der? Kva er det eigentleg som gjer jorda verdi? Er eit jorde berre verdifullt når det er i drift, eller finst det andre måtar å tenkje rundt jord på?
Kim Leine skriv skarpt og levande om ei tid fjern frå vår eiga. Men historia om urfolk som får naturgrunnlaget sitt øydelagt av massive utbyggingar er relevant i dag òg.
Samtalen vert leia av Brita Strand Ragnes, som er førstelektor ved Institutt for kultur – og språkvitenskap ved Universitetet i Stavanger.
Waiver
Ubrukte billettar vert ikkje refunderte.